Skal vise fram resultatet

Dette fotoet er frå då Arild Nøstdal viste styret i Helse Førde rundt i dei nye lokala på Nordfjordeid i fjor. 

Nyheter

Før Helse Førde sitt styremøte 27. september vil styret få ei omvising og orientering om dei nye tilboda ved sjukehuset. Media blir også invitert til å delta under omvisinga.

Det opplyser Helse Førde på sine nettsider.

Dei siste månadene er det gjort ei rekkje ombyggingar og det er sett i gang fleire nye tilbod i tråd med utviklingsprosjektet for Nordfjord sjukehus.

Det er mellom anna laga nye lokale for kreft- og dialysebehandling, skadepoliklinikk- og øyre-nase-hals poliklinikk. I tillegg er det laga nye lokale for Nordfjord legevakt, privatpraktiserande augelege og det er gjort ombyggingar på medisinsk sengepost.

Fleire nye tilbod er i gang. To av dei nye tiltaka det knyter seg største interesse til er eldremedisinsk poliklinikk og det fylkesdekkande tilbodet om hjarterehabilitering, startar begge i oktober.

Styret ønskjer no å få ei orientering om status, og sjå ombyggingane som er gjort. Det er sett av halvannan time til omvisinga i framkant av styremøtet.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende