Kristine Strømsøy (26) og Andreas Fiskå (34) fekk spørsmål frå helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre om kor lang reisetid dei hadde brukt til fødeavdelinga ved Førde

– Eg svarte 3,5 timar, seier Kristine Strømsøy, etter eit møte med Støre under besøket han gjorde på God start ved Nordfjord sjukehus sist fredag.

Kristine Strømsøy fortalde statsråden at dei reiste frå Stadlandet til Førde då ho skulle føde. Der fekk ho ei jente. Dagen etter reiste paret og det nyfødde barnet til God start på Nordfjordeid.

– Dette er som ein heim. Vi får hjelp med jordmødrene og vi kjenner ein tryggleik, seier Kristine Strømsøy.

Ordførar Ottar Nygård frå Selje, som var med på omvisinga ved sjukehuset, kom og gratulerte foreldra med jenta.

I møtet som Nordfjordrådet hadde med Jonas Gahr Støre etterpå la Ottar Nygård fram tal for reiseavstandar og reisetid frå ulike deler av Selje kommune til næraste sjukehus. Reisetid var rekna for køyring på sommartid og utan venting på ferje.

Oversikta viser at den lengste vegen har dei som bur i Honningsvåg og skal til Førde sentralsjukehus. Dei har 192 kilometer å køyre og det tar 3 timar og 30 minutt. Frå Honningsvåg til Nordfjord sjukehus er det til samanlikning 93 kilometer, noko som tar 1 time og 40 minutt.

– Reiseavstand er ein ting, men moglegheita til å reise er noko anna, seier Ottar Nygård, som også presenterte lokal uvêrsstatistikk for helse- og omsorgsministeren.

Det er her på kysten det blir målt mest vind i landet. Tal frå vindmålaren på Kråkenes viser mellom 45 og 106 dagar med storm eller sterkare vind i løpet av eit år.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende