Fleire reiser ut av fylket

Førde Sentralsjukehus. (Illustrasjonsfoto: Erling Wåge) 

Nyheter

Det er så langt i år 100 færre fødslar i Helse Førde samanlikna med same periode i fjor, melder NRK Sogn og Fjordane.

Årsaka ligg i den store omlegginga av fødetilbodet her i fylket, trur avdelingssjef ved kvinneklinikken ved Helse Førde, Tom Guldhav.

– Vi har jo hatt store endringar i fødetilbodet i Sogn og Fjordane, spesielt det siste året med nedlegginga av fødeavdelinga på Nordfjordeid. Vi har valt å gjere det slik at kvinnene skal kunne velje, seier Guldhav til NRK.

Les også:


Les også:


Han vil ikkje spekulere i kva følgjer nedgangen vil få for Helse Førde.

Sjef for fødeavdelingane i Møre og Romsdal, Henrik Erdal, seier at fleire nordfjordingar vel å føde i Volda etter at fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus vart lagt ned for eit år sidan, utan at han har eksakte tal no.

Les også:


Bestill abonnement på Fjordenes Tidende