Kommunestyret i Bremanger har no godkjend avtale med Statkraft Energi AS om økonomisk oppgjer i samband med sal av kraftverka Svelgen I og II. Kommunen si inntekt i samband med salet er berekna til vel 170 millionar kroner, skriv rådmann Tom Joensen i Bremanger kommune i pressemelding.

Gjennomføring av avtalen vil bidra til å dekke kommunen sitt akkumulerte underskot og gje Bremanger kommune større økonomisk handlingsrom i åra som kjem. Joensen presiserer likevel at ein ikkje er ferdige med «Terra-saka».

- Framleis er det uavklarte forhold som kommunen må ta høgde for. Inntekta i samband med salet av kraftanlegga legg likevel forholda til rette for at ein no kan leggje ein strategi for å  sikre ein sunn kommuneøkonomi i framtida. Rådmannen har fått i oppdrag å leggje fram revidert budsjett og handlingsprogram 2014-2017 i løpet av våren, seier Joensen.

Bakgrunnen for saka er at Statkraft Energi og Sogn og Fjordane Energi/Svelgen Kraft  er blitt samde om å byte kraftverk. Selskapa ønskjer å rydde i krysseigarskap for å skape enklare og meir effektiv drift.  Dette omfattar m.a. eit sal av kraftanlegga Svelgen I og II som Bremanger kommune har  heimfallsrett til. Denne retten fell bort i samband med salet.

Den lovbestemte heimfallsretten har sikra Bremanger kommune 1/3 av Statkraft Energi sine netto inntekter frå kraftverka. Dette har i gjennomsnitt vore 3,7 millionar kroner dei siste 12 åra. Utbetalinga på vel 170 millionar kroner skal såleis erstatte dei framtidige heimfallsinntektene som fell bort i samband med salet.

Før gjennomføring, skal salet godkjennast av Olje- og energidepartementet.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende