Desse lokale vegane får ny asfalt

I elendig forfatning: Vegdekket i Svelgen sentrum er fullt av holer og styrespor etter år med hardkøyr og lite vedlikehald. (Foto: Svanhild Breidalen) 

Nyheter

Så snart snøen er borte og telen ute av bakken er Statens vegvesen og fylkeskommunane klare for vedlikehaldsarbeid på slitne vegdekker både på veg og gang- og sykkelvegar.

Det er planlagt å vedlikehalde vegdekket på over 3.360 kilometer i 2014, og bruke 2,2 millionar tonn asfalt her i landet denne sommaren.

I vårt distrikt skal det setjast opp rekkverk på to strekningar på Fv 618, ei strekning på Fv 620, ei på Fv 631 og ei på Fv 632 (alle i Selje), og dessutan på ei strekning på Fv 621 Vågsvåg–Måløy.

Det blir asfaltering på tre lokale strekningar av Rv 15: Haus–Maurstad, Kjølsdalen–Vindfylletunnelen vest og Erviktunnelen–Kjølsdalen.

Asfaltering blir det også på Fv 614 Svelgen sentrum (Bremanger), Fv 620 Kjøde og Fv 620 Sandvik–Leikanger (begge Selje), Fv 622 Taklo–Sætre og Fv 664 Navelsaker (begge Eid).

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende