Då Stei­nar Ham­mers­vik og kona var ute og fis­ka ved En­dal i Bre­man­ger laur­dag, sus­te plut­se­leg sko­ta kring øyra dei­ra.

– Det var ver­ke­leg ei ufy­se­leg opp­le­ving. Eg må seie eg blei redd til slutt, for­tel Stei­nar Ham­mers­vik, som har meldt frå om hen­din­ga til po­li­ti­et.

– Det­te er heilt klart ufor­svar­leg om­gang med vå­pen og klart uaktsamt. Det vil få kon­se­kven­sar for ved­kom­man­de, sei­er lens­mann i Bre­man­ger, Hans Rune Strand­os, som har be­gynt å nøs­te i den spe­si­el­le saka.

Ham­mers­vik var sa­man med kona Ga­li­na då sko­ta small. Ek­te­pa­ret frå Da­vik var ute og fis­ka, og låg ein 50–60 me­ter frå land ved byg­da En­dal då ku­le­ne kom su­san­de, rundt klok­ka halv fem – kvart på fem laur­dag.

– Vi høyr­te at det small litt oppe i byg­da, men tenk­te ik­kje meir på det. Vi flyt­ta oss aust­over mot As­ke­land og Ugla då vi plut­se­leg høyr­te ein slags pistrelyd, noko som sus­te for­bi. Kona mi, som er rus­sisk, har opp­levd my­kje og er van med krig og ku­ler. Ho sa med ein gong «det var ei kule!» Det kom alt i alt fem ku­ler rett for­bi oss.

Et­ter kvart blei ek­te­pa­ret red­de.

– Eg for­stod det ik­kje til å be­gyn­ne med, men når du høy­rer ly­den av ku­le­ne er dei ik­kje langt unna deg. Eg føl­te meg rett og slett ik­kje vel til slutt.

Et­ter nok­re ti­mar be­stem­te ek­te­pa­ret seg for å rin­ge po­li­ti­et.

– Vi føl­te vi måt­te gje­re det for det var så­pass skum­melt, sei­er Ham­mers­vik.

Les kva politiet seier om saka i vår papirutgave onsdag 14. mai.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende