Lensmannen brende ned nabohytta

Alt er bort: Restane etter lensmann Tormod Hvattum si hytte i forgrunnen. Bak ser vi brannruinane til naboen si hytte. (Foto: Erling Wåge) 

Lensmann Tormod Hvattum var uheldig då han skulle brenne opp den private hytta som ligg på Maurstadeidet mellom Bryggja og Åheim. (Arkivfoto: Erling Wåge) 

Nyheter

Han var maks uheldig, regionlensmannen i Nordfjord, Tormod Hvattum, då han måndag kveld skulle brenne opp ei gammal falleferdig hytte, eller eit sel, som han eig saman med kona på Maurstadeidet.

Brått spreidde gneistar frå den kontrollerte brannen seg til lita hytte som låg berre nokre titals meter ved sidan av.


 

I løpet av minuttar var nabohytta overtent, og Hvattum og dei åtte andre som var med på det som skulle vere kontrollert nedbrenning, vart vitne til at nabohytta brann opp utan at dei kunne gjere noko.

- Dette var grådig leit, seier Hvattum til Fjordenes Tidende dagen etter brannen.

Han hadde fått løyve med brannsjefen i Vanylven kommune til å sette fyr på den gamle falleferdige hytta som han eig saman med kona midt oppe på fjellet mellom Bryggja og Åheim. Men så gjekk det altså ikkje som planlagt.

Kontakta sjølv naboen

Hvattum tok sjølv i kontakt med dei som eigde nabohytta som brann opp, og forklarte dei kva som hadde skjedd. Han sa at han var grådig lei seg.

- Denne hytta var halde ved like og var i bra stand. Eigarane var sjølvsagt leie seg for at den hadde brunne opp, seier Hvattum.

Ingen personar kom til skade. Hytta som Hvattum ville fjerne var hundre år og ei som han hadde arva. Den var ikkje halde ved like og var i dårleg forfatning. Det var grunnen til at Hvattum ville fjerne den.

Hvattum har ikkje noko god forklaring på kvifor det tok til å brenne i nabohytta.

- Det var vått rundt hytta der det er myrområde. Men Hvattum seier det gjekk veldig fort. Det kom nokre vindkast, og då må gneistar ha spreidd seg.

Han seier dei ikkje såg at det hadde vore hjelp i å kontakte brannvesenet. Dei ville ikkje kunne gjort noko for å berge hytta som var brent opp på svært kort tid.

Andre skal etterforske

Politimeisteren i Sogn og Fjordane vart orientert om det som har skjedd tysdag føremiddag.

Fordi Hvattum er regionlensmann i Nordfjord vil alle politiet sine folk i denne regionen vere ugilde til å etterforske brannen.

Alle brannar skal etterforskast, og politimeisteren arbeider

Nestkommanderande ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Bjørn Larsen, seier til Fjordenes Tidende at statsadvokaten skal no ta stilling til kven som skal etterforske brannen.

Larsen seier til Fjordenes Tidende at Hvattum har varsla om episoden til dei han skulle varsle.