Gir ut nytt verk

(Foto: Sindre Blålid Kvalheim) 

Nyheter

Avdelingssjef Trond F. Aarre ved Nordfjord psykiatrisenter er medforfattar av ei lærebok der det for første gong blir gjort forsøk på å sprengje dei vasstette skotta mellom somatikk og psykiatri. Dette opplyser Helse Førde på sine heimesider. I klinikken blir somatiske og psykiatriske synsmåtar normalt halde strengt skilde frå kvarandre.

– Kvifor det når kropp og sinn er sameinte storleikar i enkeltmennesket? spør redaktørane av bokverket. I tillegg til Aarre er det Alv A. Dahl og Jon Håvard Loge. Dei har alle brei klinisk erfaring, og er vane med å formidle medisinsk lærestoff.

I boka «Psykiske reaksjoner ved somatisk sykdom» skildrar dei erfarne klinikarane vanlege psykiske reaksjonar hos fysisk sjuke menneske, og dei gjer greie for korleis helsepersonell kan tilby heilskaplege tenester.

- Integrert behandling og medisin er noko som ofte blir snakka om i festtalar, men sjeldan å sjå i praksis, heiter dei i forordet.

Boka er primært skriven med tanke på studentar i helsefagutdanningane, og for dei som arbeider med pasientar i alle delar av helsetenesta.  

Læreboka er utgitt på Cappelen Damm forlag.