Ber folk vere på vakt

Nyheter

Lensmann Tor Sæter ber folk i ytre Nordfjord og Vanylven være på vakt med folk som kjem på dørene og som vil selje varer eller tenester.

Vi har fått melding om at utanlandske seljarar som går på dørene, og gjerne til eldre og til folk som bur åleine.

- Har fått melding om døvstumme som prøver seg, og som ikkje nødvendigvis har ærlege hensikter. Ver i utgangspunktet skeptiske til slike. Og ver gjerne våken på kva som skjer i nabolaget dersom folk bur åleine, seier Sæter.

Han seier det elles har vore ein roleg sommar i ytre Nordfjord utan dei store hendingane. Og etter at trusselbiletet vart redusert torsdag ettermiddag, så er politiet tilbake i normal beredskap og vaktordning igjen.

- No har vi lagt ifrå oss alle våpen, seier Sæter til Fjordenes Tidende.