Natt til søndag 29. oktober skal vi stille klokka ein time tilbake. Det betyr at klokka 03.00 (tidlegast) skal du skru klokka tilbake til 02.00.

Da går vi tilbake til normaltid, som er det eigentlege namnet på det vi på folkemunne kallar «vintertid». Normaltid varar fram til 25. mars neste år.

Fleire land har innført vinter- og sommartid for å utnytte dei lysaste delane av døgeret.