– Eg kom heim frå sjøen måndag førre veke, og det første eg såg var tre trålarar i fjorden. Eg kan ikkje seie kva eg tenkte, eg blei så skuffa. Eg har kjøpt ein liten sjark og tenkte eg skulle drive litt hummar, ta med barnebarna og lære dei opp på gode hummarplassar. Men no er det ingen vits, seier Birger Grotle, som er fiskar av yrke.
– Det har de sett før, at hummaren blir vekk etter tråling?
– Ja, mange gongar. Dei senkar ned ei stor greip, og dreg til seg. Det er jo klart at ikkje noko slepp unna, seier Birger.
– Det er det same som om ein skulle sagd ned skogen 14 dagar før hjortejakta tek til, supplerer Hermann Hauge.
Med fem års mellomrom har taretrålarane lov å hauste frå det same området. No var det Bremangerpollen sin tur igjen, endå sørsida blei tatt i fjor. Bygdefolket er klar over at taretrålarane driv lovleg, men synest det er påfallande at dei startar trålinga fem dagar før hummarsesongen og vel dei beste hummarplassane å starte.
– Det er jækla provoserande rett og slett. Det påverkar både kulturen og trivselen her. Dette er rekreasjonen for folk som bur her, seier fiskar Jostein Kristiansen.
Påverkar negativt
For lokalbefolkninga er ikkje i tvil om at dette påverkar hummarfisket negativt, så vel som det tradisjonelle fiskeriet.
– Før taretrålinga begynte her på 80-talet, kunne mange fiskarar leve av det dei fekk her i fjorden. I dag gjer ingen det, seier Birger Grotle.
– Før var dette eit av dei sørlegaste gytefelta for skrei, men det ser ein ikkje lenger, supplerer Magne Kristiansen, og peikar på at taretrålinga øydelegg økosystemet så livet i havet får mykje dårlegare vilkår enn før.
– Ikkje noko får leve opp i fjorden lenger. Mikroorganismane som veks på taren som hummar og fisk lever av når dei skal gyte er borte vekk, seier Mindor Grotle.
Og det er harde bod for hummaryngelen også, meiner dei.
– Hummaren lever dei første sju åra, til den er 10 cm lang, i skjul i sandbotn, grus og småstein. Det er dermed stor risiko for at hummaren, før han har nådd 10 cm, er overtråla to gongar. Det reduserer vesentleg sjansane for å leve opp, seier Roy Ove Svarstad, og legg til:
– Dei får jo lov å ta halve fjorden i ein sleng, truleg mellom tre og seks tusen tonn tare, og fjernar alt som er av skjuleplassar for småfisk og yngel.
At FMC Biopolymer har sagt til Firdaposten at dei ikkje hadde anna val enn å starte i Bremangerpollen fordi dei hadde sleppt opp for råstoff, og at det ville blitt bråk alle stadar uansett, synest bygdefolket er ei dårleg unnskyldning.
– Viss det er slik dei driv bedrifta, planlegg dei veldig dårleg, seier Oddleiv Grotle.
– Dei kjem til Bremanger fordi fjorden er lett å tråle i, med mange flater, og fordi det er god vekst av stortare her, seier Svarstad.
Ønskjer full stenging
Det finst freda soner i pollen, men etter 30 år med taretråling rett utanfor stovevindauga ser lokalbefolkninga at dette på langt nær er nok. Dei vil ha denne verksemda stansa.
– Heile pollen burde bli stengt for taretråling. Den burde vore det for lenge sidan, seier Magne Kristiansen.
– Vi vil ha full stenging, eller i det minste større restriksjonar der dei ikkje får tråle i eit så stort omfang. Neste steg bør vere å få freda sonen frå Grotlesanden og ut forbi Olderveggen, seier Svarstad.
– Mitt syn er at dei må heilt ut av området. Verksemda er ikkje i samsvar med eit gyte- og oppvekstområde for småfisk, slår pensjonert fiskar Mindor Grotle fast.
Vil sjekke om trålarar har vore i feil sone
Grotle stiller også spørsmål ved måten Fiskeridirektoratet følgjer opp taretrålarane.
– Kor ofte kontrollerer dei eigentleg taretrålarane? Vi ser nok av eksempel på at dei er flinke til å passe på fiskeflåten og fritidsfiskarar. Og sonen i sjøen utanfor gamle Grotle kyrkjegard er freda. Kvifor får dei tråle der utan reaksjonar? spør han, og meiner direktorat og kystvakt burde bli meir synlege med kontroll av taretrålarane, og samanliknar med høgare aktivitet i Møre og Romsdal.
– Dei burde vore ute og sjå kva som skjer. Etter mitt syn er dette den desidert største miljøkriminaliteten som skjer på norskekysten. Trur dei det er noko som overlever der nede på botnen, at dei ikkje tar hummar? Dei har ikkje peiling! seier han, og får støtte frå fleire.
– Respekten for direktoratet er i ferd med å forsvinne, seier Oddleiv Grotle.
Regiondirektør Vidar Ulriksen i Fiskeridirektoratet meiner dei har dei kontrollane dei skal ha og følger godt med.
– Vi har tett dialog med region Midt-Norge, og eg har ikkje registrert noko bøtelegging der oppe, anna enn ei sak for fleire år sidan, seier han.
– Korleis fører de kontroll?
– Vi tar stikkprøver av kvantum. Vi har sporing på båtane slik at vi kan gå inn og sjå kvar dei er. Vi kan også gå om bord i båtane og sjå, og vi kan også hente opplysningar ut av kartmaskinene der.
– Har ein gjort undersøkingar no den siste veka? Fritidsfiskarane i ytre Bremanger meiner dei mellom anna har bevis på at trålarar har tråla i verna sone ved gamle Grotle kyrkjegard.
– Vi har sjekka opp det som er offentleg tilgjengeleg, men vi har som sagt sporing på båtane så dette kan sjekkast opp. Vi skal sjå nærmare på det, seier Ulriksen, som likevel sit med inntrykk av at trålarane stort sett følger reglane.
– Vi har fått ganske sterke forsikringar frå båtane om at dei er pålagt av selskapet å følge grensene for hausting. Dei burde ikkje ha noko interesse av å gjere brotsverk her. Tvert imot.
– Forskjellsbehandlinga er eit paradoks
Det er strenge reglar for hummarfiske, og det er eit paradoks at fritidsfiskarar blir straffa hardt for små feil med teinene medan trålarane får rake over hummaren med jernrive, meiner Roy Ove Svarstad.
Han veit kva han snakkar om for han enda i fjor opp med ei stor bot då han prøvde seg på krabbefiske for første gong.
Svarstad sette ut fem nye krabbeteiner, rett frå butikken. Men då Kystvakta inspiserte meinte dei han ikkje hadde gjort nok for å sikre at tilfeldig fanga hummar hadde rømmingsvegar, og tok teinene.
– Eg hadde ikkje lese meg opp på regelverket. Eg gjorde ein aktlaus feil og blir bøtelagt, men når ein ser trålarane får saumfare same plass som teinene stod, med reiskap på fleire tonn i stor fart, så kjennest ressursbruken til myndigheitene som ein logisk brest. Og mange har opplevd det same som meg.
– Frå vår side gjer vi ikkje forskjell på dei ulike gruppene som bruker havområdet. Trålarane skal følge den haustingsplanen som er lagt, og vi vil halde fram med å følge opp fritidsfiskarane også. Det er eit enkelt regelverk å følge, seier regiondirektør Vidar Ulriksen.