– Utviklinga går veldig raskt også i handelssamanheng. I løpet av dei åra Måløy Brygge har eksistert, har vi sett store endringar. Det vi mellom anna har sett, er at det i slike mindre kjøpesenter ikkje er så effektivt å drive butikk i andre etasje som tidlegare. Då må vi sjå på alternative måtar å drifte huset på, seier senterleiar Victoria Juvik Øvstetun.

Reindyrkar

– Planen no er at vi reindyrkar første etasje som nærkjøpesenter. I løpet av eit par år vil ein truleg sjå ei utvikling i andre etasje enten mot kontor, næringslokale eller leiligheiter. Slik kombinert drift er kjent frå andre stader. Vi kartlegg marknaden for tida, og korleis utviklinga går er avhengig av responsen. Vi jobbar langsiktig med dette, seier senterleiaren.

I 3.-etasje i bygget er det i dag kontor og leiligheiter. Desse lokala er seksjonert og selde, og drifta i sameige.

Status for Måløy Brygge i dag, 20 år etter at det stod klart som det første kjøpesenteret i Ytre Nordfjord, er at det er solide leigetakarar på gateplan i Rema 1000, Vitus Apotek, B-Young, Notabene og Nille.

– Vi merkar det når vi ikkje har fullt hus samanlikna med når vi har fullt. Men vi har solide eigarar og forsvarleg drift.

Reitan Eiendom AS eig 96,86 prosent av selskapet. Thorolf Steenslid eig resten. Dette er den same Reitan-familien som står bak Rema 1000. Reitan Eiendom er også sentral i Vestenfjeldske Eiendom som er hovudaksjonær i selskapet bak Stryn Torg som Victoria Øvstetun også styrer.

Har teke rolla som nærkjøpesenter

Konkurransen i dag er hard. Lokalt har mykje handel flytta til Deknepollen der det er bygd store varehus. Det har vore og er stor utbygging av kjøpesenter på Eid. Samstundes er det også satsa stort på stader som Ørsta, Ulsteinvik og Moa. Folk er stadig meir på farten til byar i inn og utland, og ikkje minst handlar folk på internett.

– Vi må henge med på best mogleg måte. Vi pliktar å legge best mogleg til rette for dei leigetakarane vi har. Vi merkar konkurransen, ikkje minst når det gjeld etableringsviljen blant kjedene, seier senterleiaren.

– Når det gjeld Deknepollen, har vi ikkje mista så mykje dit. Vi utfyller kvarandre. Vi har teke rolla som nærkjøpesenter i Måløy sentrum, og det er ei viktig oppgåve.

Laga internasjonalt festbord

Torsdag laga elevar ved Vågsøy opplæringssenter til festbord med rettar frå eige land til 20-årsjubileet til Måløy Brygge.

Elevane er folk med innvandrarbakgrunn frå land som Syria, Eritrea, Polen, Ukraina, Mexico og Brasil. Alle laga ein rett som er typisk for deira eige heimland. Det resulterte i eit rikhaldig festbord der både kundar på kjøpesenteret og folk som jobbar på huset var invitert.

Folk strøymde til, og tilbakemeldingane begeistring over å få prøve ut smakar frå dei fleste verdshjørne.

Vågsøy opplæringssenter flytta inn på 750 kvadratmeter i andre etasje på Måløy Brygge for litt under eit år sidan. Knapt 2000 kvadratmeter står ledig i etasjen. Rektor ved Vågsøy opplæringssenter Stephan Lexau seier dei er godt nøgde med lokala.

– Vi er veldig nøgd og trivast godt. Vi har 45 vaksne elevar og 17 i grunnskulealder frå 1.- til 10. klasse her. Alle er frå andre land enn Norge. Dei kjem hit og får norskopplæring og anna kunnskap dei har nytte av i samband med integrering.

– I dag har elevane laga all maten, bortsett frå vaflane som lærarar har laga, og laks som vi har fått frå Coast Seafood.

Signerte populær bok

Under 20-årsjubileet signerte også Arnfinn Kolerud nye bok Snillionen på Måløy Brygge for dei som ville.

Og ein kan kanskje spå årets julegåve til dei litt yngre for køen var tidvis lang.

Mange hadde venta på at Arnfinn Kolerud si nyaste bok skulle kome til bokhyllene.

– Folk stod nærmast i kø for å kjøpe boka då den kom, fortel Nina Westvik på Notabene.

Snillionen er forfattar Arnfinn Koleruds åttande bok. Han er opphavleg frå Isfjorden i Møre og Romsdal, men er nå busett på Flatraket.

Måløy Brygge varta elles opp med ballongar, popkorn og sukkerspinn under 20-årsjubileet. Det var også gode tilbod i butikkane, og kake og kaffi til dei som ville ha det.