Easy Form sine planar om å byggje opp ei avdeling i Florø har stranda. No utvidar Vågsøybedrifta på heimebane i staden.

Plassmangel ved anlegget i Blålid i Vågsøy gjorde at Easy Form blei nøydd til å sjå seg om etter me ir produksjonsareal rundt årsskiftet. På grunn av for små tilgjengelege lokale i Vågsøy fall valet på Florø. Der skulle Easy Form etter planen leige eit lokale på 1.500 kvadratmeter og starte opp ei prototypeavdeling i løpet av februar.

Men no opplyser dagleg leiar Endre Kvalheim at dette ikkje blir noko av likevel. Det skal ha vore usemje rundt den forretningsmessige delen av flyttinga som gjorde at Easy Form snudde. I staden vel verksemda no å byggje opp prototypeavdelinga i Barstadvika i Vågsøy og tilpasse produksjonen til det arealet dei har tilgjengeleg der. I tillegg vil verksemda gjere nokre grep for å utnytte plassen i Blålid betre.

– Eg trur vi skal klare oss med denne plassen. Med litt endring i planane vil dette gå heilt supert. Og det er Vågsøy som vinn på dette, seier Endre Kvalheim.

Les heile saka i papirutgåva fredag 25. februar,

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende