Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum opplyser at bilbrannen ved Toyota Nordfjord sist søndag er oppklara.

Hvattum seier at to Vågsøy-ungdomar, som er tidleg i tenåra, har innrømt å ha skuld i at to bilar tok fyr. Den eine bilen blei totalt utbrent.Ifølgje Hvattum var det uheldige omstende rundt brannen, og ungdomane miste kontrollen.

Dei aktuelle køyretøya var bilvrak, men Toyota Nordfjord har hatt ein del utgifter knytt til brannen, og vil etter det Hvattum erfarer kome med eit erstatningskrav.

Lensmannen opplyser at saka vil kome opp i konfliktrådet.