Hovedaksjonær i Måløy Verft, Åge Sætremyr, seier til Finansavisen at han no vil selje deler eller heile Måløy Verft.

Selskapet er i samme avis annonsert for sal.

Åge Sætremyr eig 90 prosent av aksjane i Måløy verft gjennom selskapet Cake AS.

Dei siste 10 prosent eig Egil Per Flataker.

Sætremyr seier til Finansavisa at hovudårsaka til at han sel er at selskapet treng i overkant av 10 millionar kroner til bygging av ein ny hall.

I 2010 hadde Måløy Verft 52 millionar kroner i driftsinntekter, og eit negativt driftsresultat før skatt på minus 4,1 millionar kroner.

Evald Bortne er dagleg leiar og Jan E. Holvik er styreleiar i selskapet.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende