Søndag morgon, klokka 07.30, køyrde ein bil i fjellveggen på Rv 614, like nord for Kjelkenes i Bremanger.
Bak rattet sat ein mann i 50-åra som truleg var påverka av alkohol.
Politiet fekk tips om uhellet, og at mannen kunne vere rusa. Dei var kort tid etter på staden. Mannen vart pågripen, og teken med til lege for blodprøve.
Politiet tok samstundes hand om førarkortet.
Det var ikkje alvorlege personskadar. Det er ikkje meldt om at andre køyrety var innblanda i ulukka.