Vest politidistrikt har god påskeberedskap trass i det omfattande flyktningoppdraget. Men dei vedgår at dei ikkje var forberedt på omfanget av det oppdraget.

Tre og ei halv veke etter at Vest politidistrikt starta arbeidet med å registrere ukrainske flyktningar lokalt, har dei no god kontroll.

– Vi var ikkje budd på eit slikt oppdrag og måtte snu oss om raskt. Heldigvis er uforutsette hendingar noko vi i politiet er gode på. På rekordtid har vi fått på plass og bemanna registreringssenteret på Kokstad og i Førde og vi har no god kontroll, seier politimeister Kaare Songstad i ei pressemelding.

– Ta kontakt

I starten ba politiet flyktningar som kunne vente om å utsetje oppmøte. No ønskjer politiet at dei som har venta tek kontakt for å få tildelt tid for registrering.

– Den første veka hadde vi nærare 500 som venta på registrering og fleire har komen til etter det. Vi har bygd opp kapasiteten og reknar med å vera ajour før påske. Så no ber vi alle ukrainske flyktningar i politidistriktet som ikkje har vore i kontakt med oss om å ta kontakt, seier politimeisteren.

Informasjon om kor dei skal ta kontakt ligg tilgjengeleg på politiet.no.

God beredskap på kostnad av dagleg drift

Rundt 80 polititilsette frå heile politidistriktet er omdisponert til arbeidet med flyktningregistrering.

– Samstundes har det vore viktig for oss at oppdraget ikkje skulle gå ut over beredskapen i politidistriktet og det er mange som har stått på ekstra den siste tiden for å få hjula til å gå rundt. Innbyggjarane kan vere trygge på at vi har god beredskap også gjennom påska, seier Songstad.

Men innsatsen og flyttinga av folk går ut over andre oppgåver.

– Dette vil merkast på andre måtar og er sjølvsagt uheldig for dei som blir råka. Vi har fått ekstra midlar og jobbar no med å tilsette fleire for å hjelpe oss gjennom situasjonen. Det vil ta noko tid før dei midlertidige ressursane er på plass, men vi trur alle har forståing for at dette arbeidet er viktig å prioritere, seier politimeisteren.

Styrkt territorialkontroll

Politiet har fått i oppdrag å intensivere territorialkontrollen for å førebygge, kjempe mot og avdekke ulike formar for kriminalitet og truslar som følge av tryggleikssituasjonen i Europa generelt, og den auka migrasjonen til Norge spesielt.

– Dette betyr ikkje at vi tek opp at grensekontrollen for alle som kjem inn via våre grenser, slik vi hadde under pandemien, men vi skjerpar kontrollen med utlendingar som er i Norge, enten på grensa eller andre stader i politidistriktet, seier Songstad.

Vest politidistrikt har førebels ikkje registrert hendingar der ukrainske flyktningar er utsett for integritetskrenkande kriminalitet.

– Vi har jamvel stor fokus på dette og politiet følger med på og jobbar førebyggande for å motverke at dei mellom anna blir utnytta som ulovleg arbeidskraft.