Politiet opplyste om ulykka klokka 03.29. Då hadde politiet kome til staden.

To køyretøy hadde kollidert front mot front, og fire personar var involvert. Tre sat i ein av bilane, og den andre bilen som var involvert hadde berre førar.

– Personane er ute av bilane, opplyste operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i første melding om ulykka.

Seinare blei dei fire personane alle frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Utover at dei var bevisste var skadeomfang ukjent.

– Bilane hadde begge store skader, fortel operasjonsleiar.

Bilane var 05.29 fjerna frå riksvegen, og vegen blei opna igjen.

Til Firda.no fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt Tatjana Knappen at det var fire unge menn som var i dei to bilane som var involvert i møteulykka.