– Skateparken er kul. Eg synest den er gøy å bruke, seier Dennis (11), som pleier å vere i skateparken på sykkel saman med Ask Sjåstad.

I skateparken som har fire ramper kan ein sykle, sparkesykle, stå på rulleskøyte eller skateboard.

Dennis kan dei vanlege triksa på sykkel som å steile og hoppe. Foto: Lydian James Haaland

Fekk ideen på ferie

Men det er ikkje berre Dennis som er glad for at skateparken er på plass. Margareth Leivdal, leiar i idrettslaget, synest også det er supert at parken no er klar til bruk.

– Eg tenker at det er heilt fantastisk at vi har fått det til, og at det er så mange flinke folk som har jobba dugnad for at den skal bli ferdig, seier ho.

Ideen om skateparken blei til etter at nokre karar hadde vore på ferie og sett ein skatepark som dei syntest var så fin.

– Og då hadde dei lyst at vi skulle ha ein sånn her på Stadlandet. Då tok dei kontakt med idrettslaget og lurte på om vi kunne bygge ein slik, seier Leivdal.

Kosta 1 million kroner

Dermed har Stadlandet endeleg fått endå ein plass der ein kan halde på med ein ny aktivitet. Frå før har dei fotballbaner og tennisbane.

Leivdal trur at skateparken blir bra for barn og unge som bur her.

– I skateparken kan små ungar lære seg å skate, men det er også vaksne og ungdommar som kan skate der, og teste ferdigheitane sine. Det blir veldig utfordrande å prøve dei store rampene der det er brattast, og så blir det veldig viktig og bruke verneutstyr som hjelm og alboge- og knebeskyttarar når ein testar dei store rampene, seier ho.

Skateparken kosta cirka 1 million kroner.

– For å bli god på å skate må ein øve mykje og like å skate, seier Jon Frogner. Her er eit bilde frå glansdagane på skateboardet. Foto: Privat

For vaksne også

Jon Frogner frå Ervik elskar å skate sjølv om han er vaksen.

– Det er veldig viktig at barn og unge får moglegheit til å skate. Alle som vil kan bruke parken med skateboard, scooter, rulleskøyter og sykkel, seier han.

Det tar litt tid å bli god å skate.

– For å bli god til å skate må ein øve mykje og like å skate. Og ein må skate mykje med vennar, seier han og smiler.