I ei landsrepresentativ spørjeundersøking utført på oppdrag for forsikringsselskapet If, vedgår 26 prosent av over tusen spurde at dei har vore involverte i ein nabokrangel. 71 prosent svarar klart nei – medan 3 prosent faktisk er usikre på om dei har vore del av ein krangel eller ikkje.

I undersøkinga utmerkjer særleg naboar på Vestlandet seg. Heile 30 prosent av vestlendingane svarar at dei har vore involverte i ein nabokrangel.

– Klassiske saker som går att, er usemje om tre som kastar skugge inn på nabotomta og hekkar som har vakse for høge. Ein annan gjengangar er uklare nabogrenser, likeins kranglar om tilkomme- og bruksrettar på private vegar og gangvegar. Støy frå naboleilegheita eller -huset og bygging av sportsbodar og garasjar opptek mange. Her er det mykje usemje for å seie det mildt, fortel kommunikasjonssjef Sigmund Clementz i If.

Fleire naboar er også usamde om felles vedlikehaldsansvar av til dømes privat veg eller støttemur som står mellom naboane.

Ifølgje berekningar If sjølv har gjort, dekkjer norske forsikringsselskap kvart år advokatutgifter til over 3000 nabokranglar over bustadforsikringa.

– Det kan vere lurt å få ordna opp på eit tidleg tidspunkt, før alt går i lås. Viss ein klarer å sjå ting frå den andre sin synsvinkel og prøver å komme fram til gode kompromiss, er mykje gjort i mange gryande tvistar. Ulukkelegvis veit vi at nabokranglar kan gå i arv, og dermed strekkje seg over fleire generasjonar, seier Clementz.