Det er gult farevarsel og fare for mykje snø. Snøvêret har så vidt starta, men førebels går det greitt på vegane, opplyste Vegtrafikksentralen i 7.30-tida.

– Det ser ut til at det er litt mindre morgonrush enn vanleg, så mange kan ha valt å la bilen stå, seier trafikkoperatør Andreas Herland til NTB.

Det er ein god idé, meiner han.

– Ja, vi vil tilrå folk å la bilen stå viss dei ikkje må køyre.

Det er fleire bussar som har slite i morgontrafikken og blitt ståande fast på glatta.

– Det er hovudsakleg sånn at hovudvegane er greie, medan det er litt meir snø på sidevegane. Viss vêrmeldinga slår til, så kjem det til å bli store forseinkingar og problem utover dagen. Dei som køyrer, må rekna god tid og køyra etter forholda, seier Herland.

Vegvesenet har alt av mannskap ute.

(©NPK)