– Eg meiner Annlaug Førde fortener ei julestjerne. Ho har gjort ein imponerande innsats for Hauge bedehus gjennom mange tiår, og står framleis på i ein alder av 83 år, seier Irene Lågeide i Bremanger Indremisjon til Fjordenes Tidende.

– Ved arrangement på bedehuset er det Annlaug som ofte har ansvaret på kjøkkenet. Her bakar ho bollar og kaker, og kokar. Annlaug har ansvar for utleige av bedehuset og ofte er det ho som vaskar etter ulike arrangement, seier Lågeide.

I mange år har Annlaug baka lefser til inntekt for bedehuset. På bedehuset kokar ho og rømmegraut til jonsokfeiringa i grenda.

– Seinast i haust var Annlaug med og måla under vedlikehaldsarbeid på bedehuset. Ho er ein stor inspirasjon for mange og spreiar glede rundt seg, seier Irene Lågeide.

Vil gjere det triveleg for folk som brukar huset

– Du seier ikkje det! Dette var overraskande og kom litt brått på, men eg set veldig pris på dette, seier Annlaug Førde då Fjordenes Tidende ringer og fortel at ho får ei av dei 24 julestjernene som Fjordenes Tidende deler ut i adventstida.

– Det har vore heile mi lyst å jobbe der for å gjere det triveleg for dei som skal bruke huset. Alt er gjer på bedehuset gjer eg med stor glede. Og så lenge eg har helsa har eg tenkt å forsette med det, seier Annlaug Førde.