I Sogn og Fjordane vart Senterpartiet det største partiet etter stortingsvalet. Dermed vart det for fyrste gong i historia ein representant for Senterpartiet som benkeleiar, og som leverte fullmakt til stortingpresidenten.
– Det var ein høgtidleg augneblink, og eit synleg teikn på det gode valresultatet i Sogn og Fjordane. Eg håpar at eg som leiar av stortingsbenken kan leggje til rette for eit godt samarbeid på benken og mellom stortingsbenken og heimfylket, seier Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.
Senterpartiet fekk 29,7 prosent av stemmene i Sogn og Fjordane, fram heile 9,1 prosent frå førre Stortingsval. Navarsete seier det gode resultatet motiverer ho til jobben som ventar dei komande fire åra.
– Eg skal saman med stortingsgruppa forvalte tilliten så godt råd er. Me skal arbeide vidare med ein tydeleg politikk for tenester og arbeidsplassar nær folk, tryggleik i lokalsamfunna, matproduksjon i heile landet og forvalting av naturressursar som gir grunnlag for busetjing og arbeid til folk, seier Navarsete.