Det kan bli store kutt i rutetilbodet i Sogn og Fjordane dei neste åra.

Tysdag fekk samferdsleutvalet i fylket presentert det dystre biletet som administrasjonen teiknar ut frå at fylket kan få reduserte overføringar frå staten dei kommande åra.

Samferdslesektoren må kutte 130 millionar kroner dei komande fem åra.

I følgje Firda så vart det lagt fram ei liste i dag over mulege tiltak som viser at ein berre er halvveges mot innsparing på 130 millionar kroner.

I møtet vart det understreka at dette ikkje var konkrete kuttframlegg, men eit bilete på kor mykje som må bort dersom politikarane skal kome i mål:

Redusere tilbod til Silda og Hennøystranda (1.500.000 kr).

Innstille Kystvegekspressen mellom Smørhamn og Måløy, og legge Smørhamn inn som ein del av arbeidsrutene i nord i Florabassenget for å spare ein båt (6.000.000 kr).

Legge ned turistrute Balestrand–Flåm (innsparing 800.000 kr)

Redusere tilbodet Ortnevik–Vik frå faste/bestillingsruter fem dagar per veke til tre dagar per veke. (1.000.000 kr).

Redusere tilbodet Kaupanger–Frønningen til 2 tur/retur per veke og bestilling (500.000 kr).

Legge ned Sognebåten (10.000.000 kr)

Redusere godsbåten frå tre til to dagar per veke (900.000 kr)

Kutte ruter i Florabassenget midt på dag og nokre kveldar (2.500.000 kr).

Innstille tilbod til og frå Nåra i korrespondanse med ekspressbåt (2.800.000 kr).

Innstille vgs skyssen frå Solund til Mjømna/Austrheim (2.000.000 kr).

Tilpasse rutetilbodet i Solund til tal fastbuande (1.000.000 kr).

Tilpasse rutetilbodet på Sandøy og Alden til tal fastbuande (600.000 kr).

Redusere bussrutene i fylket med 1 mill. kilometer. Dette vil gjelde både lokalruter, regionale og fylkeskryssande ruter (18.000.000 kr).

Ta vekk siste rundturen på alle fylkeskommunale ferjesamband (10.000.000 kr).

Dette vil gje ei innsparing på 56,7 millionar kroner. Det vil mangle meir enn 70 millionar før samferdslesektoren har spart inn dei 130 millionane.