Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, ber folk vere forsiktige og sikre lause gjenstadar og plater.
- Det har blese og det bles framleis kraftig mange stadar. Difor er det viktig å vere forsiktig, seier Hvattum til Fjordenes Tidende.
Brannvesenet har vore ute på to stadar fredag ettermiddag der det er meldt om skader som følgje av vinden.
- Dei har vore ute ved sjøhuset i Vågsvåg og ved Selstad sitt nye industribygg som er under bygging på Trpollebø, seier Hvattum.
Les også: Stormkasta har teke sjøhus
Klokka 14.50 fredag ettermiddag var det ikkje meldt om skader som følgje av vinden.
Måløybrua har vore stengd i periodar, og fredag ettermiddag måtte ferja mellom Måløy - Husevågøy - Oldeide innstille.
Har du foto frå stormen? Send dei til fjt@fjt.no eller som mobilbilde til: FJT TIPS til 2399.