Kjersti Skårhaug Seljen og Jan Arvid Seljen fann det gode liv på øya Selja. Dei selde huset og flytta til det som var ein feriestad for familien.

– Vi likar oss veldig godt. Livet her gjev fridom og ro, fortel Jan Arvid.

Kona Kjersti er einig i at dei fann det gode liv på øya der han kjem ifrå, og legg til at det var ho som hadde mest lyst til å bu på Selja.

– Eg synest at det er så herleg å vere her ute, seier Kjersti, som kjem frå Nordfjordeid.

Øya dei bur på ligg berre ein kilometer frå land, like vest for Selje og er kjend som klosterøya. Selja kloster ligg tvers over øya på den andre sida ut mot det opne havet. I dag bur det folk på to av gardane.

Kjersti og Jan Arvid har budd på øya i sju år, og for tida bur også yngste dottera der.

Ekteparet venta med å selje huset på Stårheim og flytte til alle dei tre barna reiste heimanfrå.

– Vi overtok dette huset i 1996. Det stod nesten til nedfalls, og vi restaurerte det for å bruke det til fritidshus, seier Jan Arvid.Han jobba i Nordsjøen, og på fritida vart familien etter kvart mest på Selja. Men då dei bestemte seg for å flytte ut, ville ekteparet ha meir komfort.

– Så du kan seie at vi har restaurert huset to gonger, konstaterer Jan Arvid.

God flytebrygge

Ekteparet overtok garden med to bustadhus og ei sjøbu, og kjøpte ei sjøbu til som måtte byggjast opp igjen. Tida har gått med til vedlikehald av hus og veiting av jord, og det har kome på plass ei flytebrygge. Den betyr mykje for å kunne ha ein god plass for båtane som skal brukast til og frå fastlandet, men også til fiske og reiser.

– Det tar berre 25 minutt med skjergardsjeepen til Måløy, seier Kjersti.Om dei i staden køyrer til Selje med båten og tar bilen til Måløy, går det ein time.

– Du er heilt avhengig av eigen båt for å vere på øya, og vi har ein liten sjark og ein skjergardsjeep, fortel Jan Arvid.

Van med ruskevêr

Båtane er ikkje så store, og er det skikkeleg ruskevêr, kjem ikkje han og kona seg inn til fastlandet anna enn med rutebåten som køyrer skulebarn.

– Det verste vi har opplevd var under Dagmar. Vi hadde mange på julebesøk. Om nokon hadde blitt sjuke, hadde vi hatt eit problem, fordi vi vart utan telefon, seier Jan Arvid.

Elles er ekteparet vane med ruskevêr, og dei har både aggregat og gasskomfyr klare for bruk om straumen går. Det går sjøkabel ut til øya, men det er ikkje så lenge sidan han rauk. Men SFE kjem raskt på kaia med eit aggregat.

Kjersti ser at når ein bur på Selja må ein planlegge litt.

– Vi treng ikkje reise over på hardaste vêret. Om vi skal med ekspressbåten sørover, kan vi heller reise til Selje dagen før og overnatte med familien.

Nærare naturen

Båtane er gode å ha til fiske, og ekteparet fiskar alt dei treng. Ho lagar mykje fiskemat og Jan Arvid røyker fisk. Om vinteren fiskar dei torsk på Skårfjorden.

Kjersti seier at ho er mykje meir ute og styrer med ting og tang enn då ho budde på Stårheim, og gjerne brukte tid på å køyre inn til Eid for å handle og slikt. No om dagen går det i bærplukking rett bak huset.

– Her er stort sett noko å finne på. Vi går meir turar, og så har vi ein del besøk. Når vi har besøk kan det godt bli krabbe og vin, smiler Kjersti.

Det einaste Jan Arvid saknar er ein garasje til bilen.

– Det er eit stort ønske. I dag står han i småbåthamna.