Namn: Mona Drage Skår Alder: 49 årYrke: prosjektleiar for UniformPartner A/S Bustad: Selje – Kva er du mest oppteken av? – Eg er nok mest oppteken av familie og vener, også er eg oppteken av at det skal vere utvikling i nærmiljøet vårt, sjølv om eg ikkje har bidratt så mykje til det siste. Det er viktig å ha godt forhold til både venner og familie i medgang og ikkje minst i motgang. Utvikling i nærmiljøet gjer at trivselen blir mykje betre for alle oss som høyrer til her. – Kva gjer du på i fritida? – Eg likar godt å gå i fjellet, reise på turar, bake, og så prøver eg å få til nokre organiserte treningar som yoga og styrke. Så må eg innrømme at eg er hekta på Wordfued. – Kven beundrar du? – Mora mi, fordi ho har ei enorm uthaldenheit og har stor gjennomføringsevne. Og så er ho ganske morsom og ung til sinns. – Kva er det beste med heimstaden din? – Det er mykje! Vakker natur, flotte turløyper, badestranda, puben, den nye kaféen som skal komme, og ikkje minst alle dei kjekke folka som bur her. Alt dette gjer at det er mykje å finne på her saman med familie og gode venner. – Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Selje Hotel har blitt overteke av nye eigarar og det vert gjenoppbygd snarast. – Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag? Då hadde eg bestemt at gatelysa skulle brenne så lenge det er mørkt. Det trur eg hadde vore veldig positivt for trivselen. – Kva kulturoppleving hugsar du best? – Eg veit ærlig talt ikkje. Har vel ikkje vore på særlig mange endå, så det får være eit framtidig mål. - Kva har du nattbordet? – Mobilen, ei bok, klokkeradio og vatn. - Kva nettstadar er innom i løpet av ein dag? – Facebook, VG og Fjordenes Tidende og Instagram. - Kva er meininga med livet? – Det må vere å gjere det beste ut av det korte livet vi har for både andre og seg sjølv. Ikkje alltid like lett, men ein må prøve så godt ein kan.