Den ni meter lange fritidsbåten i Moldefjorden i Selje hadde slite seg frå fortøyingane natt til måndag.

Båten dreiv opp i fjøresteinane like ved kaia. Redningsskøyta fekk drege båten av grunn, og lagt den trygt til kai.

Båten hadde berre fått minimale skader i skroget. Den tok ikkje inn vatn, får Fjordenes Tidende opplyst.