– Dette var ei stor overrasking og sjølvsagt veldig kjekt. smiler Odd Henning Svoren då Fjordenes Tidende overraska han på kontoret fredag.

Han blei trekt som vinnar i den andre trekninga i årets #eghandlarlokalt-kampanje. Med det vann han 20.000 kroner i gåvekort hos butikkane som deltar i kampanjen.

– Dette set eg ufatteleg stor pris på, legg Svoren til.

Handlar lokalt

Svoren er flittig med å fylle ut deltakarkort når han handlar i butikkane som er med i kampanjen.

– Eg gjorde det seinast i går på Jernia, fortel han.

Vinnarlappen hadde han fylt ut på Verlo, men kva han hadde handla hugsar han ikkje, men det var truleg verktøy.

– Eg har fokus på å handle lokalt og bruke butikkane vi har. Det vil eg også halde fram med. Det er veldig viktig å støtte næringslivet her.

– Blir det shopping under Måløydagene i helga no då?

– Ja, det er jo rom for det no, ler han.

Gode vinnarsjansar

– I år skal vi ha fem trekningar. I kvar trekning kan ein vinne gåvekort til ein verdi av 20.000 kroner, fortel marknadsrådgjevar Kim-Andre Gangeskar i Fjordenes Tidende.

I år deltek desse butikkane i Fjordenes Tidende sin kampanje: Brunsvik Jernvare, Arnes Blomsterverden, Bakeriet, Fagmøbler, XL Bygg, Toyota Nordfjord, Fargerike, Sports, Radio-TV Service, Intersport, Kontorpunkt, Verlo, Dragebygg, JobbPartner, Vic, Havfruen, Gangsø kontraktmøbler og Berge & co.

Desse får du sjå meir til på #eghandlarlokalt-karusellen på fjt.no der dei presenterer utval og tilbod dei har i butikkane.

For å melde seg på må ein fylle ut eit deltakarkort i butikken etter at ein har handla. På kortet skriv ein på namn og telefonnummer før ein legg lappen ned i postkassa.

– Ein kan vinne berre ein fyller ut ein einaste lapp. Men jo fleire gonger ein handlar og fyller ut ein lapp, desto større sjanse har ein for å vinne, seier Kim-Andre Gangeskar.