– Eg fekk ein førespurnad frå Helgesen rett før helga. I utgangspunktet handlar ideen om å sette opp støypekantar for å betre sikkerheita, men så fortalde han at sikkerheitsforholda er blitt dårlegare på grunn av dei høge kantane, seier Jannicke Bergersen Clarke (Ap), leiar for samferdsleutvalet i Vestland, til Fjordenes Tidende.

På bakgrunn av informasjonen ho fekk har ho tatt kontakt med fylkesadministrasjonen som ifølge Clarke har lova å sjå på saka.

Per Helge Helgesen ved ein av dei nye brøytekantane som han meiner tar altfor mykje av sikta i krysset. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Men akkurat når tilbakemeldingane til Helgesen kan bli gjort noko med, kan ho ikkje svare på no.

– Det var ein hyggeleg prat der vi såg over kart saman og kor eg fekk ei god beskriving. Og så er det som sagt sendt vidare til administrasjonen som eg reknar med går vidare med saka. Men eg kan ikkje seie når eller korleis det blir gjort. Det må fagfolka nesten ta stilling til, seier ho.

Set pris på tilbakemeldingar

Leiaren seier at ein må lytte til dei som faktisk brukar vegen, og at dei derfor set pris på denne typen tilbakemeldingar som Helgesen kom med.

– Det er veldig verdifullt med innspel frå dei som brukar vegen kvar dag. Dei føler meir på kroppen akkurat kva som følast farleg i trafikken der dei bur. Blant anna situasjonar der dei får dårlegare sikt, slik som her, seier ho.

Helgesen sa i eit intervju med Fjordenes Tidende, at han sjølv har vore nære på å hamne i ei ulykke etter at dei nye støypekantane kom på plass. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Er som regel breidda folk reagerer på

Clarke seier at dei med jamne mellomrom får tilbakemeldingar frå folk når det gjeld tryggingstiltak i trafikken. Når det gjeld dei omtala støypekantane, handlar det oftast om breidda.

– Det er jo viktig med rekkverk med tanke på sikkerheita. Og desse rekkverka i betong er rekna som svært sikre. Men så veit vi at fleire har kommentert dei tidlegare, men då har det stort sett handla om at dei tar for mykje av vegen på smale vestlandsvegar, seier ho før ho avsluttar:

– Vi ønsker jo å gjere trafikksikkerheita så god som mogleg, men då er det viktig at det ikkje går på kostnad av noko anna.