– Nei, dette var overraskande. Sonen min vann akkurat klementinar i ein anna trekning, så vi er inne i ein god periode, ler Løvskar når Fjordenes Tidende ringer på hos han onsdag.

Historia om korleis han vart den heldige vinnaren av gåvekort til ein verdi av 20.000 kroner kjem raskt.

– Eg hadde vore på Radio-TV Service og handla ei barbermaskin. Og etter ei stund kom eg på at det var nokon som hadde vunne gåvekort for 20.000 kroner gjennom kampanjen. Så då snudde eg og gjekk tilbake for å fylle ut ein deltakarlapp, fortel Løvskar.

Og det skulle vise seg å vere veldig lurt, for onsdag trakk marknadsrådgjevar Kim-Andre Gangeskar og Morten Hagen frå politiet i Måløy ut nettopp lappen til Løvskar frå Radio-TV Service som vinnar i den siste trekninga av #eghandlarlokalt i år.

Likar å handle lokalt

Som så mange andre er Løvskar tilhengar av å handle det han kan lokalt.

– Vi er avhengig av kvarandre i eit lokalsamfunn. Det inkluderer både innbyggarar, handelsnæringa og resten av næringslivet, seier han, og viser fram hue frå XL-bygg og jakke med Kvernevik-logo på.

– Eg abonnerer også på lokalavisa. Og lokalavisa Hordaland Folkeblad, som er lokalavisa der eg kjem frå. Det er viktig at vi støttar kvarandre, legg Løvskar til.

Og gåvekorta på 20.000 kroner trur han at han skal få god bruk for.

– Eg har handla julegåve til frua, men vi har nokre andre gåver att, så dette kjem godt med, smiler den heldige vinnaren.

– Og viss ikkje det blir før jul, så kjem det jo sal etter jul, legg han til.

Populær kampanje

Trass i at det berre er tre veker sidan førre trekning i kampanjen var det mange deltakarlappar då trekninga gjekk føre seg hos Fjordenes Tidende onsdag.

– Vi ser gjennom året at oppslutnaden har vore god og at folk stort sett er flinke til å handle lokalt, seier marknadsrådgjevar i Fjordenes Tidende, Kim-Andre Gangeskar.

Han legg til at det alltid er veldig kjekt og gledeleg å overraske ein heldig vinnar.

– Og responsen frå vinnarane har vore veldig god, seier Gangeskar, og held fram:

– Dei seier at dei ønskjer å nytte seg av handelsnæringa lokalt og at ein har det meste ein treng her vi bur. Butikkane får skryt for god service og mange gode tilbod gjennom året.

Har delt ut 100.000 kroner

Men det er klart at å få ein gåvepose med gåvekort til ein verdi av 20.000 ikkje er kvardagskost for dei som blir trekt ut. Til saman gjennom årets kampanje har det blitt delt ut gåvekort til ein verdi av 100.000 kroner fordelt på fem vinnarar.

– Vi opplever at overraskinga kjem litt brått på når vi bankar på eller oppsøker dei og seier kvifor vi er der. Det er jo ein stor premie som ein kan bruke i lokale butikkar.

Dette var årets siste trekning, men marknadsavdelinga i Fjordenes Tidende er i full gang med planlegging av 2023.

– Det vil bli gjort endringar og vi lagar ein litt ny vri på kampanjen, utan at vi kan gå nærare inn på dette enda. Men at det blir #eghandlarlokalt også i 2023, det er sikkert. Så det er berre å følge med.

Gangeskar ønskjer også å rette ein takk til butikkane og dei som handlar lokalt.

– Vi må jo få takke alle dei flotte butikkane som har vore med i årets kampanje og ikkje minst alle kundane som handlar lokalt. Det er veldig kjekt.