– Det blir veldig spennande å sjå kven som stikker av med premien, seier marknadsrådgjevar Kim Andre Gangeskar i Fjordenes Tidende.

Fredag 1. juli er det duka for den andre trekninga i #eghandlarlokalt-kampanjen. I løpet av året blir et fem trekningar.

I kvar trekning er premien gåvekort på til saman 20.000 kroner frå desse butikkane: Brunsvik Jernvare, Arnes Blomsterverden, Bakeriet, Fagmøbler, XL Bygg, Toyota Nordfjord, Fargerike, Sports, Radio-TV Service, Intersport, Kontorpunkt, Verlo, Dragebygg, JobbPartner, Lefdal, Havfruen, Gangsø kontraktmøbler og Berge & co.