Forliket med DNB og sigeren mot Danske Bank tidlegare i vår gjer at rådmann Tom Joensen ser at han endeleg kan få handlingsrom til å betre situasjonen for elevar og lærarer i skulen, for sjuke og eldre i eldreomsorgen, og ikkje minst til å gjere noko med det store vedlikehaldsetterslepet i kommunen.

- Dette kan skaffe oss større handlingsrom. Nå har vi moglegheita til å rigge kommunen for ein sunn økonomi i framtida, seier Joensen, som presiserer at ein framleis må vere litt avventande.

- Forliksavtalen med DNB må godkjennast av kommunestyra og styret i DNB, før den er endeleg, og vi veit enno ikkje om Danske Bank ankar dommen frå lagsmannsretten, seier Joensen.

Forliksavtalen med DNB inneber at kommunen istaden for å måtte dekke inn ei gjeld på 270 millionar kroner til DNB  slepp med å betale 172 millionar no i forliket.

- Vi har allereie sett av midlar i rekneskapen vår til å dekke denne gjelda. Det betyr at vi har ein nettoeffekt på 100 millionar som vi kan føre mot det akkumulerte underskotet vårt som per i dag er på 170 millionar. Underskotet blir altså redusert til 70 millionar.

Kan bli fleire millionar

Om ein annan bank Bremanger nyleg har vunne ei rettssak mot, Danske Bank, ikkje ankar dommen frå lagmannsretten, kan kommunen få ytterlegare 110 millionar som kan førast som inntekt.

Det dekker då heile det akkumulerte underskotet og gir pengar på bok i tillegg.

Forliksavtalen inneber også at alle forsikringsoppgjer etter Terra tilfell kommunane. Det kan bety rundt 30 millioner kroner inn for Bremanger om dommen mot ACE frå Oslo tingrett blir ståande, og om utfallet av saka mot selskapet AIG blir positivt.

Om alt går som det skal vil Bremanger dei nærmaste åra ha meir pengar å rutte med. Mykje meir.

- Vi opnar nok ikkje alle kranene. Eg ser ikkje for meg å bruke mykje meir pengar på drift, men vi kan sette av pengar til disposisjonsfond så vi kan tole svingingar og ta ned rentebelastninga. Det gjeld å ha litt is i magen. No har vi sjansen til å få ein sunn kommuneøkonomi, seier Joensen, som medgir at det vil vere sektorar som får merke at noko positivt har skjedd.

- Eldreomsorga vil koste meir i framtida, og no kan vi bli meir i stand til å handtere det. Vi kan auke ressursinnsatsen på tidleg innsats i oppvekstsektoren. Vi har også store utfordringar med løpande vedlikehald på bygg og anlegg. Vi er nøydde å bruke meir pengar der.

- Meir pengar til alt som har blitt forsømt?

- Ja, det er ting vi må gjere.

Har drive kommunen godt

Rådmannen meiner alt i alt at dei harde tidene har vore godt handtert.

- Eg trur folk i kommunen, med handa på hjertet, ikkje kan seie at dei har merka dette så veldig. Men dei tilsette, dei har sjølvsagt merka det.

- Kven har fått merka det mest?

- Det har nok meir vore ein felles innsats for å få det til i heile verksemda. Ein jobb som er gjort i fellesskap. Dei som jobbar her har akseptert den vanskelege situasjonen, og folk flest også, seier Joensen, som peikar på at han har lært mykje av dette.

- Det er ingenting som er så gale at det ikkje er godt for noko. Vi veit at vi kan drive mykje strammare enn vi gjorde før dette skjedde.

- Korleis ville det sett ut i kommunen om Terra ikkje hadde skjedd?

- Det blir berre spekulasjonar, men mykje tydar på at pengane ville blitt brukt!

Glad for oppreising

Viktigast for rådmannen er den oppreisinga Bremanger kommune  no får.

- Dei som stod i det den gangen det small, blei framstilt som idiotar. Forliket med DNB, eit av dei største finanshusa i Norden, forliket med Depfa Bank, ein stor euroepisk bank og to sigrar mot storbanken Danske Bank i retten, viser no at det også er gjort feil andre stadar enn i kommunane, seier Joensen, og legg til:

- Proffane blei lurte dei også, ikkje berre kommunepolitikarar og landsens ordførarar. Og midt i mellom alle opererte det nokre skurkar – Terra. Det er ei grad av oppreising i det, avsluttar Joensen.