Ein bil som stod parkert ved Rema1000 i Deknepollen tok til å brenne søndag ettermiddag.
Brannen vart meldt klokka 13.46 av vitne som såg røykutvikling.
Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane Politidistrikt seier til Fjordenes Tidende at dei ikkje veit årsaka til brannen, og det visste heller ikkje kven som eigde bilen då vi snakka med dei søndag klokka 14.00.
Det var full brannutrykking. Politiet har vore på staden.
Bilen var totalt utbrent.