Ein ferjefri E39, Kyststamvegen frå Kristiansand til Trondheim, vil koste 100 milliardar kroner. For å realisere prosjektet tilrår Vestlandsrådet at det vert sett saman ein kreativ finansieringspakke.
E39 er Vestlandet sin veg. Vestlandsfylka må jobba saman for å realisere E39, Kyststamvegen, som ei ferjefri hovudpulsåre for Vestlandet, Det var medlemmane i Vestlandsrådet samde om under siste samling i Førde.
Aktuelle finansieringsløysingar:
Dagens finansiering over Nasjonal transportplan tilseier løyvingar på to milliardar kroner per år på strekninga Stavanger – Ålesund - Trondheim, medrekna bompengar. På eit slikt grunnlag vil det ta 50 år å finansiera prosjektet. Ein er difor nøydd å søkja alternative finansieringsmetodar, heiter det i ei pressemelding frå Vestlandsrådet.
Fleire finansieringsløysingar kan vera aktuelle: Prosjektfinansiering i offentleg regi, offentleg og privat samarbeid (OPS), statleg veginvesteringsfond og rentekompensasjonsordning for ferjeavløysing på riksveg er nokre av dei alternativa som det kan vera aktuelt å jobba for.
NTP føreset at utbygging av høgtrafikkerte vegar med meir enn 3000 kjøretøy i døgnet skal delfinansierast ved hjelp av bompengar. Det kan på dette grunnlaget vera aktuelt med etablering av regionale eller fylkeskommunale bompengeselskap. Forslaget vart vedteke i Vestlandsrådet mot tre røyster.
Produktivitetstap:
Rogaland fylkeskommune har fått gjennomført ein analyse i regi av ECON som vurderer ei utbygging av E39 opp mot eit mogleg press i norsk økonomi.
Analysen viser at det er mogleg å få til gode finansieringsordningar som kan møte investeringsbehovet. Kostnadene må her sjåast i samanheng med det vesentlege produktivitetstapet ein får ved å vente på statlege løyvingar over statsbudsjettet.
E39 bør ha spesiell fokus i arbeidet til dei einskilde fylkeskommunane fram mot rulleringa av Nasjonal Transportplan, tilrår Vestlandsrådet.