– I dag har vi mottatt ei svindelsak, der svindlar tok kontakt med ein eldre person via telefon, opplyser Vest politidistrikt.

Politiet fortel vidare at svindlaren presenterte seg som politibetjent.

– Svindlaren sa dei hadde registrert mistenkeleg aktivitet på kontoen til vedkomande.

I den samanheng bad dei om personopplysingar og informasjon om kodebrikke.

– Politiet ber aldri om nokon sin konto/bank-id via telefon, understrekar Vest politidistrikt.

Personen som vart utsett for telefonen frå den falske politibetjenten var svindla for store summar.

– Ver på vakt, er oppmodinga frå politiet.