I grunngjevinga legg juryen vekt på at ho er ein person som har markert seg positivt i bygda.

– Men ho har også markert seg i lokal, regional og nasjonal media. Ho har gitt kampen for kvinnehelse eit ansikt og satt et veldig viktig tema på dagsorden. Ho har vore modig, open, ærleg og delt generøst sine erfaringar for å hjelpe andre i same situasjon. Vi er stolte av å bo i same bygd som henne, skriv juryen.

Feiring av 17. mai i Deknepollen med utdeling av prisar. Foto: Gjert Myrestrand

Det var i april 2021at ho sette endometriose på dagsordenen då ho fortalde om den smertefulle sjukdommen til NRK.

Maria var tydeleg glad for prisen og takka for at ho var den som blei valt ut. Ho takka også på nytt på sosiale medium på kvelden.

– Tusen takk til alle som har nominert meg, skriv ho og seier at ho er stolt, audmjuk, rørt, veldig sjokkert og glad.

– Eg har sceneskrekk så eg fekk ikkje sagt så ekstremt mange ord der framme. Men eg vil i alle fall de skal vite at eg er uendeleg takknemleg, skriv ho.

Maria Eide Nøstdal blei Årets Polljar 2022. Foto: Gjert Myrestrand

Kåra også årets bedrift

Under feiringa kåra dei også «Årets polljabedrift» som i år blei Ulvesund Elektro AS. Ståle Sandal tok imot prisen på vegner av bedrifta.

Ståle Sandal tok imot prisen på vegner av Ulvesund Elektro AS. Foto: Gjert Myrestrand