Om møtet skriv Selje Næringsforening:

– Skal den negative utviklinga i ytre/søre del av Stad kommune snuast, er det avgjerande at det snarast kjem eit symjebasseng, helst samlokalisert med ein fleirbrukshall, i Selje. Det synest som om den mangårige prosessen i kommunal regi er i ferd med å strande, og treng eit ekstra «puff» for å kome inn på rett spor igjen.

– I eit forsøk på å bidra til dette, inviterer Selje Næringsforening til informasjonsmøte om korleis andre kommunar har løyst utfordringa med å få bygd symje- og fleirbrukshall tilsvarande dei anlegga som er tenkt i Selje.

Stikkord for møtet er:

  • Størrelse/Funksjonalitet.

  • Kostnader, inkl. eventuelle innsparinga ved samlokalisering.

  • Finansieringsmoglegheiter.

Ein av dei som deltek på møtet, er Per Rune Eknes, mangeårig formann i Norges Svømmeforbund.

– Han har lang erfaring frå planlegging og bygging av symjehallar både nasjonalt og internasjonalt og vil presentere anlegga på Lampeland, i Bamle og Ulefoss. I tillegg vil rådmann i Flesberg kommune, Jon Gjæver Pedersen, delta på møtet via teams, skriv arrangøren.