Fjordenes Tidende skal nemleg streame ungdomskonferansen ved Måløy vidaregåande skule tysdag slik dei også gjorde i fjor. Men i år med ein litt anna og kulare vri.

– Det kjem til å bli veldig bra. Det er direkte, men i år blir det mellom anna fleirkameraproduksjon, noko som vil gi sjåarane ei mykje betre oppleving, forklarer Drabløs.

Vil også vere på scena

Framflyt-konferansen er ein konferanse av, med og for ungdom som har som mål å vise ungdom kva jobbmoglegheiter som finst i området. På scena står det kvart år føredragshaldarar med spennande jobbar.

Redaktør Håvar Fagerli og marknadsrådgjevar Vilde Myhre Skavøypoll frå Fjordenes Tidende er i i tillegg to av føredragshaldarane i år.

– Vi gler oss skikkeleg til å snakke med ungdom om arbeidsplassen vår, kva vi driv på med og kva type jobbar som finst i mediehuset, seier Myhre Skavøypoll.

Det er god stemning og diskusjonen rundt Framflyt går. Foto: Kjellrun Åsebø

Dei kjem til også til å avsløre noko heilt nytt under konferansen og ungdommane i salen blir dei første som får sjå og høyre om dette.

– Vi kan sjølvsagt ikkje seie kva dette er utover at vi gler oss til å vere ein del av denne viktige konferansen, seier Fagerli.

På scena og på stand

Fjordenes Tidende vil også vere synlege i mingleområdet med ein stand der ungdom kan få vite meir om det største mediehuset i Nordfjord.

– Vi håper flest mogleg kjem til standen vår for å få vite meir, delta i konkurransar og kanskje vere med i ein podkastepisode, smiler Fagerli.

Tidlegare har Fjordenes Tidende hatt valstudio i Førde, streama fotballkampar, kulturhendingar og viktige møte og konferansar. I fjor hadde Fjordenes Tidende også direktesending under innseglinga av det første cruiseskipet i Måløy og av 16. mai-oppgjeret på Måløy stadion.

– Men no ventar ein fleirkameraproduksjon der ungdommane får vise fram arbeidet dei har gjort, ikkje berre til dei i salen, men til tusenvis av sjåarar, avsluttar Drabløs.