Vest politidistrikt meldte onsdag klokka 16.40 om ei trafikkulukke der ein bil hadde køyrt i fjellveggen.

– Ingen skal vere fastklemte, opplyser 110 Vest.

Vaktleiar Tore Fanebust på 110-sentralen opplyste til Sunnmørsposten at det har vore ein person involvert i ulykka. Og denne personen kom seg ut av bilen på eige hand.

– Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, seier Fanebust til Sunnmørsposten.

– Førar framstår som uskadd, og er dimmitert. Bilen er henta av bilbergar, og tunnelen er open, melder Vest politidistrikt klokka 17.57.