Utviklingslaget ønskjer på vegne av bygda å vite meir om kva planar Eid kommune har vidare for utviding av det kommunale bustadfeltet i Kjølsdalen.

I eit brev til ordføraren skriv leiar Cato Albrigtsen at Kjølsdalen er inne i ein svært positiv trend, med auka tilflytting av unge barnefamiliar. Ledige tomter i dag er både bratte og kostbare å byggje på.

– Etter vårt syn blei det planlagt med ein litt for omfattande utbygging, i eit tidsrom der entreprenørar hadde mykje arbeid og prisane då var unaturleg høge. Vi meiner det bør prosjekterast på nytt med enklare løysingar, og lysast ut på nytt no når entreprenørbransjen treng den arbeidstilgangen som er mogleg å oppdrive, skriv Albrigtsen.