Biskop Halvor Nordhaug rosar Selje-kyrkja for måten dei forvaltar si kristne historie på, men peikar på behovet for å få fleire på gudsteneste i Selje og skape eit tilbod for ungdom etter konfirmasjonen.
1 / 5Svanhild Breidalen
Vil ha med dei yngste: Biskop Halvor Nordhaug var spesielt oppteken av at barn og unge må ha eit godt tilbod innanfor trusopplæring med tanke på rekruttering. Her poengterte han at Selje allereie gjer ein god jobb, men han etterlyste eit tilbod for ungdom over konfirmasjonsalder. Besøket førre veke var biskopen sin første visitas på 15 år. Alle foto: Svanhild Breidalen