Dette er vel å merke når han sjølv ikkje er ute og guidar turistar på fjellturar, i kajakken eller over brear.

– Ved sidan av å vere aktivitetsleverandør, så har vi konsentrert oss meir om å vere turoperatør for gjestar som kjem til Norge. Då lagar vi pakker med reiser, som vi sel til individuelle reisande eller til turoperatørar i andre land, som igjen sel i sine land, seier Rogier van Oorschot.

Dette har vist seg å vere «god butikk», ettersom Norway Adventures har vakse frå ein årleg omsetnad på rundt 1 million til 1,6 millionar i fjor. For 2017 forventar van Oorschot ei dobling.

Vil skape heilårsjobbar

I fjor kom bedrifta inn under reiseplattforma Evaneos.

Han fortel at dei har fått svært mange kundar på denne måten, og dermed kan fylle opp vinterhalvåret med å skreddarsy turar, til dømes til Nord-Norge.

– Det har gått veldig fort. Til vinteren kan vi ha fleire folk i denne typen arbeid, seier Oorschot.

Bedrifta tel no to faste tilsette, kona Anne har kome til som følgje av veksten i bedrifta. I tillegg kjem det også ein guide til, og to sommarhjelper.

Rogier van Oorschot håpar ein kjem i gang med bygging av Via Ferrata til Hornelen neste år. Her er han utanfor den nye kontor- og lagerbygninga til Norway Adventures på Davik.

– Det er mest jobb om sommaren, men eg vil prøve å skape flest mogleg heilårsjobbar. Sesongen blir også lengre. Før var det juni, juli og august, men no er det også mai, september og oktober, seier Oorschot.

Om nokre år håpar han at selskapet har så mykje heilårsaktivitet at det kan skape endå fleire arbeidsplassar.

– Ein har i det i bakhovudet heile tida. Ikkje berre for næringa si skuld, at ein kan ha belegg på senger over ein lenger periode, men også det med å profesjonalisere næringa, slik at ikkje treng å ha ein annan jobb ved sidan av når ein driv med dette.

Ut i naturen

Selskapet med base i Davik tilbyr ei rekkje friluftsaktivitetar som kajakkturar og kurs, fjellturar, eige opplegg for bedrifter, teambuilding og skredkurs.

– Vi kallar det for kajakktur, men det handlar om meir enn kajakk. Det er alt du ser, litt aktivitet, det som skjer på land med å samle ved, lage mat på bål og hente vatn. Barn frå Europa er ikkje van med å bruke kniv, eller veit ikkje at ein kan drikke vatn rett frå bekken. Eg likar å lære bort ting, både til barn og vaksne, seier van Oorschot.

Ønsket var eigentleg å flytte til New Zealand då han og familien kom til Davik i 2000, men det blei for langt borte frå familien i Nederland. Då blei Norge svaret. Utdanna som veg- og vassbyggingsingeniør, og med ein MBA i lomma, starta han først opp Bremanger Quarry på vegner av eit nederlandsk selskap.

– Eg var dagleg leiar der nokre år, men eg heldt på å jobbe meg i hel. Eg tenkte at eg berre har sett på desse fjella, eg har ikkje hatt moglegheit til å gå på dei. Då sa eg frå meg jobben og starta Norway Adventures, seier han.

Alt er likevel ikkje ein dans på roser.

– Det er ikkje berre - berre, og ein må ikkje gjere det for pengane. Men eg trur ikkje ein blir lykkeleg av pengar. Eg driv med det eg likar aller best, og har hatt verdas beste jobb i fleire år, seier han.

Trur det blir eit fyrtårn

Om ein får Via Ferrata på Hornelen på plass, trur Rogier van Oorschot det blir ein «reason to go» for turistar som søker seg til friluftsliv.

– Vi håpar på å få gjennom reguleringsplanen i andre halvdel av 2017. Då vil vi gå ut og hente inn kapital frå lokalsamfunnet. Vi håpar å bygge i 2018, seier Rogier van Oorschot.

– Det vil bli eit fyrtårn som eg har drøymt om lenge. Når det gjeld turisme om sommaren, så er det uhyre viktig å få på plass ein «reason to go», eit fyrtårn som trekker folk, seier han.

– Når ein bokstaveleg talt står på Hornelen og er glad i friluftsliv, kan ein få auga opp for det fantastiske området her på kysten. Dei kan lett bestemme seg for å vere lenger, eller å komme tilbake, seier van Oorschot.

Han meiner at mykje av turiststraumen no går til indre Nordfjord.

– Om ein tenkjer turiststraumar på lengre sikt, med Stad skipstunnel og hurtigbåt Bergen-Ålesund, så trur eg dette blir ein sentral plass, seier han.

Byggjer kontor og lager

Norway Adventures har base på garden på Davik der Rogier van Oorschot no lagar til eige kontor og lagerbygg for kajakkar og utstyr.

Som aktivitetsleverandør og turoperatør har ikkje Norway Adventures eiga overnatting, men nyttar seg av lokale overnattingsstader for gjestane, som Knutholmen, Gloppen Hotell og Kråkenes fyr. Men bedrifta har snart på plass eit eige kontor– og lagerbygg.

– Vi held på å byggje kontor og lagerbygg med oransje dør. Det er lett å finne vegen, smiler Oorschot, som har designa bygget sjølv.

Med auka arbeidsmengd grunna satsinga som turoperatør, blir ikkje bygget klart før neste år.