Utdanningsdirektoratet har lagt ut eksamensresultata frå sentralgjeven skritleg eksamen med over 1000 kandidatar, i alt 32 ulike fag. Ved desse eksamenane får alle elevene i landet dei same oppgåvene, dei vert også sensurert i ein felles sentral sensur.
Sogn og Fjordane kom svært godt ut i den fylkesvise statistikken og vart beste fylke i heile 16 fag. I 27 av faga låg Sogn og Fjordane over gjennomsnittet.
Sogn og Fjordane har tradisjonelt vore beste fylke i norsk sidemål, men i år toppar ein også i mange av programfaga på Vg3 studiespesialiserande, både innanfor språk, samfunnsfag og realfag.
Sogn og Fjordane har også svært gode resultat i ungdomsskulen. Dette gir eit godt grunnlag for at resultata kan bli gode i vidaregåande opplæring. Resultata viser at det vert arbeidd godt i dei vidaregåande skulane.
Læraren er den viktigaste faktoren for at eleven skal lære. Resultatet viser at vi har dyktige lærar som saman med elevane oppnår gode resultat, skriv Sogn og Fjordane Fylkeskommune på sine nettsider.