Opplæringsfartøyet Skulebas kan få kutta nesten ein tredjedel av inntektene. – Skremmande, seier leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Jarl Magne Silden.

Opplæringsutvalet fylket behandla i går i praksisopplæringa for elevar i maritim og marin opplæring i Sogn og Fjordane, og dei gjekk inn for å kutte overføringa med 700.000 kroner.

Kostnaden med å drifte Skulebas har vore 2,2 millionar kroner i året.

– Det må vere slutt på at næringslivet skal sponse alt mogeleg i dette landet. Vi lever i verdas rikaste land og vi må sanneleg sjå oss råd til å dekke utgiftene til utdanning, seier Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Silden fortel at næringa treng utdanna arbeidskraft og at Skulebas har gjort at MVS har fått søkjarar til maritime og marine fag.

– Sett frå vår ståstad er dette skremmande, seier Jarl Magne Silden.

Opplæringskontoret har i saksutgreiinga vist til at det er heilt avgjerande for havfiskeflåten i Sogn og Fjordane at elevane ved MVS får kunnskap om den driftsforma som har flest sysselsette fiskarar i fylket.

Opplysningskontoret viser til at det trengst 6- 700 fiskarar for å drifte fiskeflåten frå Sogn og Fjordane.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 26. september.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende