Ragna Flatla meiner stenginga av ferjesambandet Lote - Anda understrekar kor viktig det er at det finst sjukehus i akseptabel nærleik.
- Med tanke på at Nordfjord sjukehus er nedleggingstruga er det risikofylt dersom nokon skulle bli akutt sjuke på dagar som denne. Dette bør vere ein tankevekkar, seier Ragna Flatla frå Løkja i Eid.
Ho er ein av dei som ikkje fekk logistikken på heimebane til å gå rundt som følgje av stenginga av E39 mellom Nordfjordeid og Lote. På grunn av bringing og henting i barnehage i kombinasjon med pendling til arbeidsplassen på Sandane, valde ho å ha heimekontor torsdag. Flatla fortel at det for hennar del ville vere sløsing med tid å køyre rundt fjorden via Stryn, Olden og Byrkjelo, og at det dermed blei mest praktisk å arbeide heimanfrå.
Sjølv om ho tek stenginga med godt humør, synest ho situasjonen illusterer kor viktig det er å ha sjukehus med akuttberedskap og fødeavdeling i nærleiken.
Heile saka står i papirutgåva fredag 4. februar.