– No har vi fått midlar til å gjere det kjent og informere, så håpar vi at turistar og lokalbefolkninga skal få vite meir om kva som ligg her, seier Bjørn Eide, leiar i Vågsøy Historielag.

Riksantikvaren har løyvd 205.000 kroner til skilting og informasjon om denne gravrøysa, i tillegg til dei som ligg på Røysaleitet på Raudeberg.

I tillegg må kommunen og fylkeskommunen inn med eigeninnsats, og prosjektet kostar i overkant av 400.000 kroner.

– Ein tenkjer primært at ein skal få til informasjonsskilt, seier seniorrådgjevar Berit Gjerland i nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Røysa ligg ved inngangen til Ulvesundet. – Slike røyser er ofte datert til den eldste delen av bronsealderen, seier Berit Gjerland. Bronsealderen strekk seg frå 1500 til 500 f.Kr.

– I tillegg ei universell utforming, slik at ein kan kome til med både rullestol og barnevogn, legg Eide til.

– Dette er gravrøyser frå bronsealderen, dei er klassiske i oppbygnad og lokalisering. Det er kulturhistorie og viktig å få fram. Røysa ligg i Ulvesundet der ferdsel har gått i tusenvis av år. Derfor ligg også gravrøysa her, det har stor symboleffekt og verdi, seier Gjerland.

Ifølgje historielaget blei gravrøysene registrert av Universitetet i Oslo på 1820-talet.

– Folk har jo visst om dei, men det har ikkje vore noko bevisstheit rundt dei historiske verdiane i dei, seier Eide.

– Dei har gitt namn til gardane her – Røysa, Røysavatnet, Røysaleitet, Røysaneset og Røysakyrkja, informerer Atle Råsberg i historielaget.

– Vi tenkjer at dette kan brukast i opplæringa i skulen der elevar kan legge inn eit besøk her. I tillegg har vi den kulturelle skulesekken, seier Odd Gunnar Myhre, tenesteleiar for kultur i Vågsøy kommune.

Gravplassen på Raudeberg skal utvidast, og etter at kommunen nyleg kjøpte garden ved sidan av kyrkja, er planen at arbeidet skal ta til i haust. Ein håpar samtidig å få lage veg til gravrøysa på oppsida av kyrkja, og skilt som informerer.

– Sannsynleg kan ein spare ein del pengar med å lage vegen og tilkomst til gravhaugen, samstundes som dei driv med utviding av gravplassen, seier Råsberg.

Riksantikvaren gir totalt 487.000 kroner i tilskot frå bevaringsprogram for utvalde arkeologiske kulturminne, til Røysa på Raudeberg (205.000) og til Botnane i Bremanger (282.000).