– Produkt med dei oppgitte datoane er selde på Austlandet, Sørlandet, Sør-Vestlandet og i Nord-Noreg, opplyser Rema 1000 i ei pressemelding.

Pakken det gjeld, har best før-dato 29. april og representerer helsefare for dei som er allergiske mot selleri.

– Produktet blir fjerna frå butikk. Forbrukarar som har produktet, kan levere det tilbake i butikk og få igjen pengane eller kaste produktet i restavfallet. Produktet kan trygt etast om ein ikkje har allergi for selleri, skriv Rema 1000 vidare.

(©NPK)