– Med denne tilsetjinga har vi fått ein god leiar av arbeidet med å slå saman dei to fylkeskommunane og ein dyktig leiar i det nye storfylket. Dette er eit framifrå grunnlag for å jobbe vidare med samanslåinga og forme den nye fylkeskommunen på Vestlandet, seier fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun i ei pressemelding.

Fellesnemnda, som arbeider for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar, gjorde eit samrøystes vedtak på møtet i Bergen. Dei er samansett av fylkesutvala i dei to fylkeskommunane.

– Det er viktig at vi har fått på plass ein dyktig og erfaren prosjektleiar for det nye Vestlandsfylket. Rune kjenner godt prosessen og samspelet mellom fylkeskommunane, og vil bidra positivt for å lukkast med å bygge eit nytt, sterkt fylke, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling.

Stillinga var lyst ledig før påske. Det var seks søkjarar. Ei tilsetjingsnemnd har hatt fleire arbeidsmøte og la fram samrøystes innstilling for fellesnemnda om å tilsette Haugsdal i stillinga.

– Eg er takksam for tilliten er har fått frå fellesnemnda. Dette er en krevjande og særs interessant utfordring. No ser er fram til å jobbe saman med høgt kompetente tilsette i Sogn og Fjordane og Hordaland, seier Rune Haugsdal.

Haugsdal skal fram til 1. januar 2020 vere prosjektleiar for samanslåingsprosessen. Deretter blir Rune Haugsdal fylkesrådmann i det nye vestlandsfylket.

Haugsdal meiner ein ny og større fylkeskommune gjev nye moglegheiter for regionen.

– Målet må vere at den nye fylkeskommunen skal bli ein god samarbeidspartnar og vital utviklingskraft for framtidsretta samfunnsutvikling, sterkare infrastrukturbygging og berekraftig forvaltning av ressursar, seier Haugsdal.

– Ein ny og større fylkeskommune på Vestlandet vil og bidra til sterkare demokrati, kultur og identitetsbygging, seier den nye prosjektleiaren/fylkesrådmannen.

Haugsdal er 58 år og har vore fylkesrådmann i Hordaland i fem år. Han kom frå stillinga som kommunaldirektør for finans, konkurranse og eigarskap i Bergen kommune. Før det var han direktør i Bybanen utbygging, og regiondirektør i Skanska Bolig. Han er utdanna sivilingeniør ved dåverande NTH i Trondheim.