Namn: Caroline Cecilia RamsevikAlder: 26 årSivilstand: sambuarYrke: studentBustad: Sogndal, men kjem frå Måløy

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er nok mest oppteken av familie og vener. Dei er alltid der for meg og eg er veldig oppteken av at dei skal ha det bra. Eg er også veldig oppteken av reising og nyheter i forhold til reiseliv. Eg får eit slags adrenalinkick når eg er ute og reiser.

– Kva gjer du på fritida? – Ein del av tida mi brukar eg på å blogge om reiseliv. Eg reiser ein del anten det er på langtur eller korttur. Å oppleve nye ting er så spennande. Eg er også mykje med sambuaren min ut på tur kor vi tek naturbilder. Fritida blir også brukt på å reise rundt i Norge for å besøke vennane mine som bur på alle kantar i Norge.

– Kven beundrar du?– Eg beundrar søstera mi veldig mykje. Ho har det fullt opp i kvardagen, men klarer likevel alltid å halde humøret oppe og ho klagar aldri.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Det beste er at det er så roleg. Eg har i fleire år budd i storby, og då er det godt å komme heim til rolege omgjevnadar. Synes også at vinden faktisk er ein av de beste tinga. Det er så koseleg å sitte inne og kose seg medan det bles ute.

– Kva hadde stått på din fremside av Fjordenes Tidende?– Vågsøy kommune er den nye reiselivskommunen, økonomien har steget til vers.

– Kva ville du gjort om du var ordfører for ein dag?– Trur eg ville tilbrakt heile dagen med å vere stressa og å ikkje ha peiling på noko som helst. Om eg hadde klart å vore noko anna enn stressa, ville eg kjempa hardt for at skalane på Bryggja og i Holvik ikkje skulle bli lagt ned.  Det hadde også vore ein draum om eg hadde klart å utrette noko i forhald til reiselivet i kommunen.

– Kva kulturoppleving husker du best?– Det er vanskeleg å berre velge ei oppleving eigentleg. Men trur det må vere klasseturen eg hadde til Tyrkia i 2008. Vi fekk møte lokale fra landsbygda å kome inn i heimen deira som berre besto av eitt rom.  Dei dyrka all mat sjølv, og sjølv om dei var fattige var dei veldig lykkelige. Alle opplevingane eg hadde i jula i Los Angeles er også høgt på lista.

– Kva har du på nattbordet?– Mobiltelefon og ei flakse vatn.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av en dag?– Dagbladet, Bt og reiselivsmagasinet reiselyst.

– Kva er meininga med livet?– Meininga med livet er eit vanskeleg spørsmål. Men eg tenker at meininga med livet er å vere lykkeleg og å spre glede. Følg draumen din og ikkje tenk på kva alle andre synest.